Målrettar aldersgrensa mot skadelege plattformer
Arbeiderparti-regjeringa vil beskytte barn betre i det digitale og vil innføre ei aldersgrense for bruk av sosiale medium. Regjeringa har no vedteke å ta inn eit vilkår om at lova skal rette seg mot skadelege plattformer, samstundes som ei rekke unntak blir fjerna. Det gjer at lova blir målretta mot sosiale medium som kan vere skadelege for barn, og at også skadelege dataspel og meldingstenester kan omfattast. Eit vilkår om skaderisiko inneber altså ikkje at lova blir innskrenka.
Cancel anytime · CA$99/month


